Men likevel – kva er det som gjer at denne songen er blitt
så populær? Det er jo mange med meg som ikkje har så nær kontakt verken med
farfar eller morfar. Nokre synes jo jamvel at det ikkje er så viktig for ungane
å ha ein far (og dermed heller ikkje farfar). Det har eg vanskeleg for å
forstå. For kva gjer ikkje den trygge opplevinga av kontakten med ein god vaksen
mann med dei som får oppleve dette som barn? Den store trygge handa, det
praktiske arbeidet i lag, dei gode pratane som kom alle andre plassar enn heime
i huset. Eg tenker på pappa, når eg skriv dette, eg hadde no elles ein ganske
gamal pappa. Og sjølv om pappa var ein trygg og god pappa på mange måtar, så
misunte eg dei som hadde besteforeldre i nærleiken.
Dei var litt annleis , bestefedrene på 70-talet, i forhold til det mange er i dag. Dei budde ofte i same tunet på gardane, dei var saman med alle dei andre i arbeidet på garden så lenge dei kunne og dei var ikkje så travle! Eg lengta nok endå meir etter bestemødre, for eg fekk aldri oppleve mine. Eg hugsar bestemora til bestevennina mi. Ho budde i eine enden av huset deira, og det var så koseleg å bli med inn til henne, det var så god atmosfære at eg kan kjenne litt av kjensla enno når eg tenker tilbake. Bestefedre og mødre kunne putte kamferdrops, kokesjokolade eller ein vaffel i ungane på ein heilt vanleg tysdag, dei hadde allverdens tid, var alltid heime og kjefta sjeldan eller aldri.
Dei var litt annleis , bestefedrene på 70-talet, i forhold til det mange er i dag. Dei budde ofte i same tunet på gardane, dei var saman med alle dei andre i arbeidet på garden så lenge dei kunne og dei var ikkje så travle! Eg lengta nok endå meir etter bestemødre, for eg fekk aldri oppleve mine. Eg hugsar bestemora til bestevennina mi. Ho budde i eine enden av huset deira, og det var så koseleg å bli med inn til henne, det var så god atmosfære at eg kan kjenne litt av kjensla enno når eg tenker tilbake. Bestefedre og mødre kunne putte kamferdrops, kokesjokolade eller ein vaffel i ungane på ein heilt vanleg tysdag, dei hadde allverdens tid, var alltid heime og kjefta sjeldan eller aldri.
Er det ikkje litt av det Nordstoga treff i oss – lengselen eller
minnet etter den trygge, rause, varme personen. Den bestefaren eller ein annan trygg vaksen ein aldri har
hatt, ikkje har hatt kontakt med eller som er død for mange år sidan?
Men eg lurer på om han treff ein lengsel til – lengselen
etter den store Far. Eg har mykje slik lengsel. For sjølv om eg er vaksen, så
er eg ikkje alltid så tilfreds med desse tinga som er alle menneske sin tøffe
realitet: At vi til sjuande sist må sitje med ansvaret sjølv. At vi i
realiteten kan risikere å bli einsam ein eller annan gong, om vi ikkje allereie
er det, fordi ingen av dei eg har nær meg kan leve for evig. At vi alle strevar med å vere skikkeleg nær dei som er dei næraste og endå
meir med dei andre. Ein del av denne
lengselen trur eg er enkelt og greitt lengselen etter Gud vår Far ( er det
ikkje flott at han heiter Far og ikkje Faderen i den nye bibelomsetjinga!). Og den lengselen bør eg ikkje legge som ei
forventning på mannen min, ungane mine eller vennane mine, eller på potensielle
venner, eller på foreldra mine, om dei framleis er i live. Lengselen etter den
store trygge, alltid nærværande, alltid lyttande, alltid kloke og varme, alltid
klar med eit trygt fang og ein varm klem-personen. Ingen menneske kan fylle denne lengselen
heilt fullkoment. Nokre menneske er
fantastisk flotte å vere saman med, og vi er heldige som har fått oppleve slike
menneske, men også dei er ufullkomne, og også dei må vi skiljast i frå.
Denne lengselen trur eg det faktisk er Far sjølv som har lagt ned i
oss då han skapte oss i sitt bilete. ”Hjarta mitt er uroleg fram til det finn
si kvile i deg”, sa kyrkjefar Augustin.
Noko av denne kvila får eg litt oppleving av når eg (alt for sjeldan)
klarer å slå meg til ro i bøn, stillheit eller meditasjon over ein bibeltekst
eller liknande. Men lengselen er jo der framleis. Kvifor? Jo, fordi denne
endelege omfavninga, den totale kvila i Gud, får vi først oppleva når vi går
over frå det livet som må ta slutt og over i det livet som ikkje tek
slutt. På Fredagsåpent sist fredag gjekk
dette opp for meg skikkeleg for første gong. Helge Standal kom med ein
provoserande påstand: kvifor skulle eg ha lyst til å alltid vere saman med Gud
i det evige livet, viss eg helst vil halde han på avstand her? Det er ikkje
urettferdig at dei som ikkje trur på Gud ikkje får evig liv, hevda han. Ønsker ein eigentleg
livet i himmelen viss ein ikkje ønsker å ha noko med han å gjere her? For
himmelen, det evige livet er først og fremst eit tilvere der Gud vår Far og vi skal ha
det inderlige fellesskapet som mange av oss lengtar etter no. (Og dette er det evige livet, at dei kjenner
deg, den einaste sanne Gud, og han du sende Jesus Kristus. Joh. 17.3) Og eg trur det er den lengselen som treff meg midt i magen når eg høyrer songen. Litt omskrive: ein Far i livet skulle alle ha!
Ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein farfar i kjeldress skull´ alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i Goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein farfar sitt fang det er godt å ha
For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, Bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Odd Nordstoga
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein farfar i kjeldress skull´ alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i Goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein farfar sitt fang det er godt å ha
For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, Bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha
Odd Nordstoga
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar